mandag, februar 13, 2012

Morsdagspresang

                           


I november var eg på ei husflidsmesse her i bygda, og der såg eg nokre stilige sjal. Likar ikkje å gå med sjal sjølv, men denne teknikken hadde eg lysst å lære meg. Bestillte masse tråd i fra Maudsgarn.no , og sette i gang, har strikka 12 sjal. Har seld eitt , og gitt vekk nokon. Så då tenkte eg at mamma kunne no få eit i morsdagspresang,  hadde fleire med meg til ho, så kunne ho velge det ho likte best. Det sto mellom to stk. , men ho klarde ikkje bestemme seg, så då fekk ho begge to.



                             


Syns ikkje bilda mine blir dei aller beste, velger å tru  det er noko gale med kamera og  ikkje fotografen:)  



2 kommentarer:

  1. Heilt klart kamera. Da teke ikkje inn nok lys :)

    SvarSlett