Såg denne stilige genseren i eit Viking design mønsterblad og måtte berre laga denne. Guten min og kjærasten hans hadde lyst på ein kvarsin. Denne passa til guten min.
Fekk i oppdrag av mi søster å strikka Fana trøya til svogeren min. Søster mi skulle sy ho i samen , men lika ikkje å gi i frå meg uferdig arbeid så eg sydde trøya i sammen sjølv.
Ja no har eg hatt ein laaaang pause i frå blogging, men har laga mange ting og fått tatt bilde av det eg har laga, men ikkje fått det innpå bloggen min. Å hekle OL - luer var jo ein hit, så eg gjekk å kjøpte meg ei heklenål og fekk bestillt tråd og merke + oppskrift hos http://www.ullkurven.no/ og sette i gang.
Hekling er ikkje mi greia nei... kom ikkje lenger enn dette:))))
Strikka ho heller eg, i dobbel perlestrikk og tråden eg har brukt er Dalegarn baby ull.