onsdag, januar 30, 2013

Netthandel i romjula

I romjula hadde eg mykje tid til overs, og då handla eg på nett. Så i januar dukka det opp fleire pakker i posten. 



Dette fekk eg i frå Panduro, photo fabrick( til å lage puter m/bilde) og ei 6*6  inch bok med vinter vintage ark.

Blonder i frå ebay


Fem forskjellige kvite stoffer i frå Desiree
( beklager dårleg bilde)


Var 20% på all tråd på sparkjøp i januar, så då måtte eg jo kjøpe litt der og.


kan lage mykje forskjelligt no:)

Ha ein fin dag:)

Klem Tove

mandag, januar 28, 2013

Kondolanse kort

Har laga ett kondolanse kort, er ikkje så flink til å skrive tekster som passer til sånne kort , men inne på scrapping.no har eg funne tekstene  til dette kortet.


Vintage bilde eg brukte fann eg på nettet.



Ein stor klem til dei som fekk denne oppmerksomheten.

Klem Tove

lørdag, januar 26, 2013

Ballong islykter

Ei veninne følger ein hageblogg og blei inspirert til å lage ballong islykter, heldigvis viste ho meg bloggen og bilde av sine flotte lykter. Eg laga først lykter i barnehagen eg jobber i. Både eg og ungene  syns det var eit spennande prosjekt. 


Så kjøpte eg inn ballonger til å lage her heime,  hadde dei ute i to døger(er blitt mildere i været ellers hadde det nok vore nok med ett døger),  og i går kveld kunne eg tenne lys i lyktene mine:)





Lyst å prøve sjølv?

HER finn du ein inspirerande blogg med utruleg mange  stilige lyslykter.

Ha ein fin laurdagskveld

Klem Tove



torsdag, januar 24, 2013

kjekkt på isen

I helga reiste me inn på hytta vår, for å stå på skeiser. Eg, mannen min og våre to jenter reiste inn på laurdag, svigerinna vår m/mann  kom inn fredagen og varma opp huset vårt. :) 

Når me kom inn var det på med skeiser med ein gang.    Sto på skeiser i vel 2 timar laurdagen og lika lenge søndagen.

Her har de meg mens eg enda sto oppreist hehe
hadde eit fall men det blei heldigvis ikkje tatt bilde av:)

Her har vi det gøy du:)

Litt knipsing av kaien og huset om vinteren.


Dagens fangst






Her hadde ein heil  gjeng samla seg på isen:)

Me hadde ei kjempekjekk helg på isen:)



lørdag, januar 19, 2013

Genser m/rundstrikk og Monsterbukse

Ja då var Januar i full gong, har visst ikkje vore så aktiv på bloggen i det siste. Men strikkepinnane blir godt varme for tida, har masse masse tråd, og utruleg mykje gøy eg har lyst å lage. Skulle hatt fri ein ekstra dag å berre gjort hobby ting:) 

Har strikka eit sett  i str. ca 2 år. Hadde ein plan om kven som skulle få dette, men så har eg oppdaga noko anna kjekkt eg vil laga.



Genseren er strikka i Sisu ( 80% ull og 20% nylon), oppskrifta funnen
i Sandnes Garn blad ( Smart til barn) 0908 barn. Så genseren skulle egentlig vore strikka 
i smart.


Monsterbuksa fann eg ikkje i hefte, men hadde med noko av mønsteret,
nederst på beina, sånn at det passa til genseren.:)



Då håper eg alle får ei fin helg:) 

Eg skal inn til hytta å stå på skeiser. 
Kanskje neste innlegg blir i om knall og fall på isen:)

klem Tove



lørdag, januar 05, 2013

Dei siste hemlighetene

Puter m/bilde

Då blir dei siste putene eg laga på bestilling før jul, publiserte. Nok ein gong, kjempefine bilder som gjer det spennande å sy puter. 

.


Då håper eg alle får ein fin laurdagskveld:)

Klem Tove


torsdag, januar 03, 2013

Julegaver frå meg



Det blei mange puter fra meg  i år også,  og alle putene er sydd med stoff kjøpt hos Desiree.

Denne puta fekk mi niese

Denne fekk jenta mi
Bilde av seg og kjærasten

Og kjærasten hennar fekk denne puta.
Det var visst den i svart\ kvit som fall best i smak.


Søster mi fekk denne puta:)
Barnebarnet hennar.

Strikka og eit par orange oppvaskkluter, som eg pakka inn i lag med zalo og ein oppvaskkost. Men ser at eg har nok pakka dei inn uten at eg fekk tatt bilde:)

Då håpar eg alle får ein fin kveld:)