tirsdag, desember 31, 2013

Oslo anorakk

Var ferdig med alle prosjekt og bestillinger, og la dette bilde ut på instagram:


 kva skal eg no strikka på? Då fekk eg bestilling på Osloanorakk.

Strikka den i ca .10 år( mønsteret eg hadde gjekk berre opp til 7-8 år og i ein mykje tjukkere tråd). Eg strikka den i Rubin 100% ull kjøpt på Spar-kjøp. 


Genseren passa heilt supert og jenta som fekk den vart fornøydd. 


Godt Nytt År

Klem Tove

mandag, desember 30, 2013

Eksplosjonsboks

I forrige innlegg skreiv eg at eg skulle blogge litt oftare, opssideisi blei visst berre med snakket. Men no har eg lagt inn mange bilder på dataen, kanskje det er lettare å få blogge då:) 

Sjølv om eg ikkje pynte huset med gresskar og andre skumle ting til Halloween så måtte eg berre lage denne boksen:)
Hadde den med i barnehagen der eg jobber, ungene syntes det var spennende når alle sjokolade- augene for utor boksen:) 




Ha ein fin fin dag vidare:)

Klem Tove


fredag, desember 06, 2013

Telys bok og ein gavepose

No er det jammen meg lenge sidan eg har oppdatert bloggen min. Har ikkje prioritert det rett og slett, men no skal eg prøve å få lagt inn alt eg har laga i det siste:)

Laga denne telys boka i september ein gang, rett etter scrappehelga.


Veninna mi hadde bursdag i november og fekk denne.

Denne gaveposen går kanskje i ein pakke til Jul.

Ha ein fin kveld vidare:)

Klem Tove

onsdag, oktober 30, 2013

Enda ein utbretts Album

Så vart me beden i ein 50 års dag. Laga denne albumen og hadde bilde inni den, frå ein tur me var på i lag med jubilanten. Strikka også ei Tova vin veske( har aldri laga det før) , i flotte haustfargar. Men klarde å gi den i gave til 50 åringen, før eg fekk knipse bilde av den. 




Ønske alle ein fin dag:)

Klem Tove

mandag, oktober 28, 2013

Utbretts album

Ei veninne av meg feira 40 års dagen sin no i oktober,
og eg laga ein utbretts album til ho. Mannen min meinte eg burde hatt oppskrift på korleis ein opner korta, boksane og albumer eg lagar.:)




Inni albumen limte eg inn mange bilder frå ulike klubbturer.:)

Ha ein fin dag:)

Klem Tove

fredag, oktober 25, 2013

Monster Marius bukse

Har laga ei sånn bukse tidlegare, og fekk bestilling på ei til i same størrelse.  Str.2 år.


Men strikka litt for langt på foten, då gidda eg ikkje ta opp. Sidan eg hadde meir tråd, strikka eg like godt ei til. Denne buksa er nok i str:  ca.3- 3,5 år.

STR: ca 2år
Begge buksene er strikka i Silja(80%ull og 20% nylon), og garnet er kjøpt på Spar Kjøp.

Ha ein strålande dag alle sammen:)

Klem Tove

onsdag, oktober 23, 2013

Marius bukse

Fekk bestilling på ei Marius bukse( uten monster) i str. 5 år. Og sånn blei resultatet. Buksa passa og eg håper dei blir fornøydde.

Buksa er strikka i Silja( 80%ull og 20% nylon).
Garnet er kjøpt på sparkjøp.:)

Ha ein flott haustdag:)

Klem Tove

torsdag, oktober 17, 2013

Scrappetreffet i September


Var med på ein konkuranse, der me skulle laga eit kort/boks i gult. 

Boksen var eg ikkje ferdig med. Begge korta var med i konkuranse.
 Klarde å bruke "litt" penger på treffet, her er litt av det eg snopa med meg.
 
 Blei inspirert av mange kjekke damer, her har eg laga meg  kort/prosjekt mal.

Fekk laga denne posen på eit make and take kurs, som me var heldige å få vera med på.
 
Laga også to kort, som blei gitt vekk same helga, og som ikkje eg fekk tatt bilde av.
Og ein Lo fekk eg laga, til jenta mi sin konfirmasjons album.  
 
Då vil eg ynskja alle ein flott haustdag:)
 
Klem Tove   
 

tirsdag, oktober 01, 2013

Enda ein marius m/rundstrikk

Genseren til midterste jenta mi er endelig ferdig. Ho blei storfornøydd med den. Har strikka mange no, så trur det blir ei stund til eg strikker marius genser igjen . 

 Genseren er strikka i Silja ( 80% ull og 20% nylon) kjøpt på Spar- Kjøp.

Klem Tove

onsdag, september 18, 2013

Kort i Vintage stil.

Ei eg kjenner venter baby ein av dei nærmaste dagane. Då må me jo ha eit kort klart:) Ho skal få ein gut, men eg var så godt i gang, og då laga eg eit jentekort og.






Laga ikkje desse korta på scrappehelga, har ikkje tatt bilde av det eg laga der. Men det kjem nok.

Ha ein fin fin dag:)

Klem Tove

fredag, september 13, 2013

Pynta tofeefe eske og eit kort


Er visst inne i ein Vintage periode:)


I dag skal eg på scrappehelg, og det har eg gleda meg veldig til. Kanskje eg får laga fleire kort i helga, skulle kanskje begynnt på album til Jenta mi som skal konfirmerast i mai og. Får sjå kva eg blir inspirert til.

Ha ei strålande helg alle sammen:)
Klem Tove

torsdag, september 12, 2013

Ingenting skal vera uscrappa...

Bestillte meg ein settekasse og eit skjønt lite skap i Panduro hobby.





Etter inspirasjon i frå hovedkatalogen deiras, pynta eg dei med papir, bånd, blomar o.s.v

Dette heng på veggen på "hobbyrommet " i stova.



Skulle ha dette skapet på "hobbyrommet" også, men passa ikkje heilt inn. Fekk seg ein plass på kjøkkenet mitt, veit ikkje heilt kva eg skal ha i det, men syns det vart kosligt på veggen:)

Ha ein strålande dag:)

Klem Tove

onsdag, september 11, 2013

Sjølvlysande lue

Eg har ein  tendens til å kjøpe garn i dei fleste butikker eg er i( viss dei har garnutsalg då). Var berre innom daglegvare butikken på vei til hytta, ja då kom eg ut med 10 nøster av denne tråden:

Sandnes garn Neon
100% akryl

Syns det var mykje stiligt i heftet. 

Ei hua blei no til, halsen får eg strikka ein gong eg har tid. Kanskje eg skal bruka hua når eg går kveldsturen min, enten kjem bilane til å sjå meg veldig godt og  kjøra godt utom, ellers kjem dei til å kjøre meg ned i rein forskrekkelse:) ho lyse godt opp kan du sei.

Ha ein fin onsdag:)
Klem Tove

tirsdag, august 27, 2013

Sommaren 2013 del 2

Her kjem litt fleire bilde i frå sommaren min.


Heile fam. fekk vera vakt på sykkelrittet Utne-Kinsarvik,
Var ikkje så veldig mykje eg bidro med. Men kjekkt  å ha ein vakt- vest på seg, då ser ein viktig ut og folk høyre på deg. :)

Enda ein fremdeles 40 års fest:)
( feirt dagen 4 gonger no, og det får halde)


Fisking i fjorden
Får ein fisk må ein og sløya.

Fisking i flott solnedgang:)

Uti fjorden og tok i mot nrk sommerbåten:)

Reiste heim og henta denne fine pusekatten:)

Me hadde ein flott sommar med mykje fint vær og besøk av mange kjekke folk:)

Klem Tove




søndag, august 25, 2013

Sommaren 2013

Ferien vår i år har me tilbrakt på hytta, og i år har me faktisk hatt fint vær. Då er det supert å være på kaien å slappe av.


Fått oss enda ein solplass

Jentene mine fekk prøve ein kajakk

Feiring av min fremdeles 40 års dag. Her ønske me båtfolket velkommen :)
 Fann meg ei fine fjøl i fjæra.

Her står to på vannski etter ein båt og mannen min er
 ein av galningane.:)  
Litt pynting på kaien må til.
Ny lykt

Her er me i Kinsarvik, der har dei laga ein ny bade-lagune.

Dette er litt av min sommar, får vise litt fleire bilder ein anna dag:) 

Ha ein strålande søndag:)