mandag, mars 25, 2013

Marius m/rundstrikk i effektgarn

Enda ein mariusgenser ferdig, denne gangen i effektgarnet kauni kjøpt Her. Det kvite garnet er Østlandsgarn kjøpt på nille.



Tenkte at denne genseren skulle bli min, men må sei eg holde ein knapp på marius i blått, kvitt og raudt. 

Då vil eg ynskja alle ein strålande kveld.

Klem Tove


torsdag, mars 14, 2013

Pulsvarmara

Jenta mi er med i ei drama gruppe, og ho skal være ein Filurkatt. Så då laga eg pulsvarmara som ho skal bruke, dei skal og  få seg ein pelskant. 

Pulsvarmarane er strikka i Symregarn av Mohairgeit.
Er heldig å ha ei i bygda som selger garnet, ho hadde også  ei kjekk oppskrift.

Ha ein fin kveld
Klem Tove

mandag, mars 11, 2013

Seleshorts

Har strikka ein Seleshorts, no treng eg berre eit barn å prøve den på. Har ingen anelse kva størrelse det er på shortsen. Såg ein seleshorts på ein blogg  og har leita etter mønster, uten resultat. Leita i bøker på biblioteket og der fann eg  ei dokkekler bok, fiksa og triksa litt på mønster, la opp  litt fleire løkker og gjorde om ei selebukse til denne:


Shortsen er strikka i 
Drops Baby Merino(100% ull)

Fekk pakke i posten i frå Maudsgarn, med ein spennande tråd. Kauni effektgarn, og er allerede begynnt på ein genser. 



Ha ein fin kveld alle sammen:)
Klem Tove

fredag, mars 08, 2013

Marius hundegenser

Eg har ikkje hund, men alt må prøvast. Var på ein butikk og såg ein strikka hundegenser, då fekk eg lyst å strikke ein også. 




Genseren er strikka i Sandnes Smart(100% ull).
Tenkte eg skulle prøve den på katten vår, men den har stukke av. Visste vel kva den hadde i vente:))

Prøvde genseren på ein Dags, men genseren var forliten.

Mønster til hundegenseren fann eg i Mariusboka mi.
Der er det mykje eg har lyst å strikke, den boka kan anbefalast. 

Eg var  og med på ein Give Away og det var eg som vant,  eg så aldri vinne. JIPPI. Ta ein kikk  Her , der finn du mykje fint, ho  har også  starta nettbutikk der ho sel alpaca garn.

Gevinsten min:)

Ønske alle ein super kveld vidare:)

Klem Tove

onsdag, mars 06, 2013

cupcake luer

Har eg laga kjole, må eg vel laga ei lue som passer til....


 No var dette ein prøve så det blei litt andre farger enn kjolen... 
Det var kjapt å strikke luer, så strikker nok ei i lilla også.
Luene er strikka i Sisu(80%ull og 20% nylon). "kremen" rundt lua skulle vel vore hekla, men det kan eg ikkje, så eg fann ein blonde som passa supert.

Oppskrifta til cupcake luer fann eg Her

Ha ein fin kveld:)
Klem Tove