mandag, februar 27, 2012

Lampeskjerm

Fekk lyst å prøve  noko nytt, fant  fram denne stygge lampen, var ikkje store tapet om dette prosjektet gjekk i vasken kan du sei:)

lampefoten treng visst eit strøk og to med maling

Eg demonterte heile skjermen, limte på bånd og tøy, to av "bølgene" med decopage motiv på og sydde i sammen skjermen igjen. Var noko styr heila prosjektet, men så har eg no prøvd dette og.

Hadde ein anna fot som var litt finare


søndag, februar 26, 2012

Rydding pågår

Tenkte eg ville vise "hobbyrommet " mitt. Eg fekk eit skatoll av min bror for 20 år si, då var det babyblått, så malte eg det turkis , no er det blitt antikk kvit. Er blitt meir og meir glad i skatollet. Og no har eg det i eit hjørna i stova og der har eg scrappesakene mine og dataen. Er blitt litt malingeslete , men så blir det jo ganske hyppig brukt.

Skulle eg ta bilde så måtte eg jo rydde for anledningen.

og då blei det rydding i resten av scrappesakene

Alle sløyfebånda mine
Sortering av papir
Finich

torsdag, februar 23, 2012

Endelig ferdig.......

Denne genseren som mi yngste jenta har på seg, var ferdig ei stund før jul. Men eg var ikkje heilt fornøydde ( faktisk ganske så irritert på heile genseren) , så den blei liggande med ufesta tråer. Men denne veka tenkte eg at eg skulle få ferdig fleire ting eg har hatt liggande halv ferdig. Så fekk festa tråder og dampa genseren, og då blei den ikkje så verst.



Strikka i juvel ( 100% ull) og etter marius mønsteret.

Vin høner har eg sydd ein heil haug av,  rett over 50 stk trur eg . Blei skikkeleg lei av dei,  lei av heile syinga.  Hadde  ein pause på iallfall  eit par år. Fekk  bestilling på ei, sa ikkje ja til å sy, men at eg skulle sjå kva det blei til. Fekk sydilla igjen ei stund før jul, så då sydde eg to, den eina selde eg, mens den andre blei liggande uten auge. No har høna fått auge og piercing på nebb og klør.




Dette diktet heng rundt halsen til høna.

På baksida står det:

Men når høno di e` slakke og sid
då e` da på tide å fylla meir i
skaff deg ny ladning,
og putt den på plass.
Høno vert fin,
og alle får vin.

Shaldo

Ha ein fin kveld alle sammen

onsdag, februar 22, 2012

Baby gift box

                                                                             


Laga den på sønd. men pynta den ferdig no.

Boksen halvegs open. 

Heilt open. Eit kinderegg oppi, og då blir det ei kjekk gave/kort.

søndag, februar 19, 2012

Hyttetur

På fredag pakka me i bilen, og reiste inn til"hytta" vår,  barndomsheimen  til mannen min. Eina jenta mi hadde med seg tre veninner, så det er godt me har stor bil. Heime var det ingen snø, men litt meir der inne, så me parkerte bilen og traska 1 km. 
Her er det ikkje godt å få opp ein bil.

Sjølv om me hadde nok å bera på, måtte eg berre ha med denne puta. 
På laurdagen striregna det, men jentene hadde lyst å fyre i stampen.Var ikkje så veldig fristande å bade i sånnt vær. Men jentene skulle fyre mens me var på besøk og handla litt til. 


Desse to hestane traff me på vei til bilen, Bergo og Bergtora.

På veien snubla eg i ei hola, og øydelagde den gode buksa mi.


23.45  var jentene ferdig og bada, og då var det vår tur
40 gr i vatne, masse telys, noko kaldt å drikka, ja då er det verdt ein del strev .

Blei ei annerledes helg det er sikkert , men kjekkt var det.



mandag, februar 13, 2012

Morsdagspresang

                           


I november var eg på ei husflidsmesse her i bygda, og der såg eg nokre stilige sjal. Likar ikkje å gå med sjal sjølv, men denne teknikken hadde eg lysst å lære meg. Bestillte masse tråd i fra Maudsgarn.no , og sette i gang, har strikka 12 sjal. Har seld eitt , og gitt vekk nokon. Så då tenkte eg at mamma kunne no få eit i morsdagspresang,  hadde fleire med meg til ho, så kunne ho velge det ho likte best. Det sto mellom to stk. , men ho klarde ikkje bestemme seg, så då fekk ho begge to.



                             


Syns ikkje bilda mine blir dei aller beste, velger å tru  det er noko gale med kamera og  ikkje fotografen:)  



søndag, februar 12, 2012

Litt av kvart

I går hadde eg ein hobbydag får ein sei. Begynnte dagen med ørlite husarbeid( var ein del hybelkanine i huset), så sette eg meg til å sy denne puta. Bilde er ein serviett som eg har limt på eit tøy med decopage lim (til bruk på tekstil).

  Desse vottane strikka eg forrige helg og i dag var dei tørre og klar til å gis vekk. Strikka dei egentle ikkje til nokon spesiell, men dukker alltid opp ein bursdag o.l . Og i dag er det morsdag, så då får nok ho  mamma seg eit par varme og gode tova votter.



 Så fekk eg eit oppdrag av min veninne, ho skal i barnedåp i dag til ein liten gut.  Kikka litt innpå scrapping.no og såg eit bilde av ei sånn vogn, syntes den var skjønn, så då var det berre til å sette i gang. Kortet  la eg  oppi vogna, og det såg ut som ei lita skjønn dyne:), skreiv navnet til guten på ( blondekanten). Pakka vogna inn i celofan med blått band på.



fredag, februar 10, 2012

Framside



Endelig ferdig framside, har styrt nokre dager med den. Har ei flink datter som har hjelpt meg:) Men klarte å rote vekk presentasjonen av meg sjølv, er ikkje heilt inne på dette enda. Men satse på å finne den igjen:)