lørdag, mars 17, 2012

Gamle minner

Kom til å minnas bilda eg laga til borna mine for ein del år sidan. Og tenkte eg ville få tatt bilde av dei og få dei  på bloggen min. Visste kor løva hang, men dei to andre måtte eg leite litt etter.


Denne Bamsen var det fyrsta bilde eg laga, og som  den yngsta jenta mi fekk. Faktisk så har dette vore utstillt i eit gammalt fengsel, quiltelaget eg var medlem i , fekk ha ei utstilling der. Årstalet er eg usikker på, men sånn ca. 11 eller 12 år sidan er det nok.


Så laga eg løva , som eldste guten min fekk.


Denne katten laga eg til  jenta mi i midten.

Alle bilda er laga i teknikken "log cabin", der remsene eg sydde rundt og rundt med, kun var 2,5 cm. Mønster til desse bilda fann eg i ei quiltebok som heiter " A Child`s Garden of Quilts". 

Bilda mine er ganske lik som dei i boka, størst endringar er det nok på katten( i boka er det bilde av ein tiger), og fargar er også forandra på. Størrelsane er litt forskjellige ( ca. 1 m* 1,5m) .


Ha ein fin fredagskveld


2 kommentarer:

  1. Der va dei jo :D Utrulig mykje jobb bak dei teppene der !

    SvarSlett
  2. Var nok ein del jobb, men e da kjekkt så tenke ein ikkje på da vettu:)

    SvarSlett