onsdag, august 29, 2012

Kort på ein fridag

Tenkte eg skulle laga opp ein del kort. Så i dag på fridagen min, fekk eg laga to kort.






Kortet på baksida


Har nokon lyst å prøve å lage dette kortet, finn ein oppskrifta HER

Skal sitte med venner å scrappe i kveld. Kanskje eg får laga litt fleire kort då.

Ha ein fin kveld

søndag, august 26, 2012

Bok i boks

Denne veka har eg holde på med denne boksen. Har laga den før, men treng oppskrift kvar gong alikevel. Fann oppskrifta Her, og denne videoen måtte eg stoppa gong på gong, for å få bretta bok og boks rett.








Boksen oppi. Ikkje enkle bretter å få til dette.



Denne laga eg for over tre år sidan.


Er styr å lage den, men når du har fått alle delene i samen og pynta boka, då er det verdt det.

klem Tove

lørdag, august 25, 2012

Sengetepper

Skreiv i eit innlegg, at eg ville lage sengetepper til sengene på hytta. Har ikkje sett i gang med det prosjektet enda. Men her kjem iallefall bilde av dei eg har laga til sengene her heime:).


Som de ser på farger, så blei teppet laga for nokre år sidan. 


Desse to teppa er laga i teknikken " jorden rundt"






Vil ynskja alle ein strålande laurdag.
klem Tove

fredag, august 17, 2012

Bursdagsgaver

No får alle som har bursdag puter hos meg. Denne laga eg til mi søster. 




Og dette kortet:

Blomsterpottekort

Lilla er hennar yndlingsfarge. 

Denne fekk mi svigerinne:

Og dette muffinskortet:



Då vil eg ynskje alle ei strålande helg:)

torsdag, august 16, 2012

Ein liten oppmerksomhet

Har laga endå ei puta av niesa mi, ho er litt eldre på dette bilde. Tenkte eg skulle gi ho til mamma, berre for at ho er Mamma:) 

Fortalde dette til mine barn,  og tenkte at dei kunne ta lærdom av den slags oppmerksomhet. HINT HINT.




Ha ein fin kveld:)

onsdag, august 15, 2012

Monsterbukser

Sidan eg hadde innlegg om monsterbukse i går, ville eg legge inn dei andre monsterbuksene eg har laga. Har ikkje bilde av alle ser eg, trur eg har laga 3 til.  Desse har eg gitt i sengemat, bursdagsgave, takkegave og nokre er seld.


strikka i Sisu

Strikka i Smart

Strikka i Smart, rester etter ein bestilling på genser og bukse.

Dette var den første buksa eg strikka. Trur ho er strikka i Smart.

Oppskrift til buksene fant eg på nettet.( Googlet monsterbukse )

Klem Tove

tirsdag, august 14, 2012

Sengemat

Som nevnt tidlegare så har eg fått meg ei herlige niesa. Ho er blitt 2,5 mnd. Søndag var eg med pakke til dei. 


Her er ho nyfødd. Bilde på puta blei like klart som på dataen. 

Og dei fekk denna Monsterbuksa. 


str. på denne buksa er 1,5 - 2 år. 

Ha ein fin kveld:)

mandag, august 13, 2012

Feriens kreativitet

Kan ikkje skryte på meg at eg har vore så veldig kreativ i sommar. Men etter å ha pressa alle scrappetinga inni bilen, så var eg nøydd til å lage bitte litt i dei 4 vekene eg var på hytta.


Bokmerke

Yngste jenta mi hadde laga eit sånn på skulen, så eg demonterte det, og laga desse. 

Kjekke små gaver.

Og det var faktisk alt eg laga i ferien. 

torsdag, august 09, 2012

Bryllupskort

Fekk bestilling på eit bryllupskort, men slapp å lage nye. Hadde nokre liggande etter tidlegare bestillinger. Lager alltid fleire når ein er i gang.

Ideen til dette fekk eg Her
Dette kortet blei valgt denne gangen.





Alle tre eskene kan opnes, og ha ein liten ting/ dikt/ sang o.l oppi. 

Dette kan også brukes til dåpskort, viss ein f.eks har ein liten papirsko på toppen.







onsdag, august 08, 2012

Kai prosjekt ferdig:)

Då var ferien over for denne gang, 4 veker gjekk utruleg snart. Gjekk så snart at eg fekk ikkje tid å verta brun eller var det været så svikta? 

Me begynnte feriedagen med støyping, av siste del av kaien på hytta. Eg var med å køyrde trillebor med sement, kan tru musklane verkte resten av veka.

Støyping pågår



          

Ferdig resultat

I midten der det ikkje er betong, skal det ein gong bli grønt.
Bordet og benken fekk nytt liv i sommar. Mannen min skrudde nye bord på og eg olja det. Skal også smøre inn smijernet med emalje lakk.

Og litt knipsing av resten av kaien