torsdag, februar 23, 2012

Endelig ferdig.......

Denne genseren som mi yngste jenta har på seg, var ferdig ei stund før jul. Men eg var ikkje heilt fornøydde ( faktisk ganske så irritert på heile genseren) , så den blei liggande med ufesta tråer. Men denne veka tenkte eg at eg skulle få ferdig fleire ting eg har hatt liggande halv ferdig. Så fekk festa tråder og dampa genseren, og då blei den ikkje så verst.



Strikka i juvel ( 100% ull) og etter marius mønsteret.

Vin høner har eg sydd ein heil haug av,  rett over 50 stk trur eg . Blei skikkeleg lei av dei,  lei av heile syinga.  Hadde  ein pause på iallfall  eit par år. Fekk  bestilling på ei, sa ikkje ja til å sy, men at eg skulle sjå kva det blei til. Fekk sydilla igjen ei stund før jul, så då sydde eg to, den eina selde eg, mens den andre blei liggande uten auge. No har høna fått auge og piercing på nebb og klør.




Dette diktet heng rundt halsen til høna.

På baksida står det:

Men når høno di e` slakke og sid
då e` da på tide å fylla meir i
skaff deg ny ladning,
og putt den på plass.
Høno vert fin,
og alle får vin.

Shaldo

Ha ein fin kveld alle sammen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar