søndag, februar 19, 2012

Hyttetur

På fredag pakka me i bilen, og reiste inn til"hytta" vår,  barndomsheimen  til mannen min. Eina jenta mi hadde med seg tre veninner, så det er godt me har stor bil. Heime var det ingen snø, men litt meir der inne, så me parkerte bilen og traska 1 km. 
Her er det ikkje godt å få opp ein bil.

Sjølv om me hadde nok å bera på, måtte eg berre ha med denne puta. 
På laurdagen striregna det, men jentene hadde lyst å fyre i stampen.Var ikkje så veldig fristande å bade i sånnt vær. Men jentene skulle fyre mens me var på besøk og handla litt til. 


Desse to hestane traff me på vei til bilen, Bergo og Bergtora.

På veien snubla eg i ei hola, og øydelagde den gode buksa mi.


23.45  var jentene ferdig og bada, og då var det vår tur
40 gr i vatne, masse telys, noko kaldt å drikka, ja då er det verdt ein del strev .

Blei ei annerledes helg det er sikkert , men kjekkt var det.



1 kommentar: