mandag, mai 14, 2012

Konfirmasjon

Me hadde ein fin dag i konfirmasjonen til Nevøen min. Han er blitt ein flott ungdom, og har stolte foreldre som begge
hadde fine ting å sei om guten sin:)


Bordkorta eg hadde laga, passa fint inn:). Når min svigerinne fekk med seg at eg hadde laga bordkorta, så skulle eg få i oppdrag å lage til hennar konfirmant til neste år og. Men der måtte eg brette servietter og pynte bordet også hehe. 

Ei av mange, mange kaker

Eg hjalp til å lage ostekake( den med orange gele på toppen)

Dette konvolutt kortet laga eg til konfirmanten

Baksida

Kortet inni:)

Syns dette kortet er eit veldig greitt pengekort å gi, har laga dette til alle konfirmantane eg har gitt gava til.

Må berre vise eit konfirmasjons kort eg laga for eit par år sidan. Det skal forestilla bunaden som kjem frå denne bygda.  




torsdag, mai 03, 2012

Bordkort

Nevøen min skal konfirmerast 12. Mai, og eg tilbydde meg til å lage bordkort.

Bordpynten skulle gå i " lime", så derfor blei det " lime" slips, og ein bitteliten klut i lomma:)

laga 37 stk.

lørdag, april 28, 2012

Spania tur

Eg var heldig og blei invitert på tur til Spania, av ei søster som har leilighet der. Det blei ein skikkeleg søstertur, mine to andre søstre blei også med. Brødrene våre fekk ikkje vera med denne gangen. Me hadde ein flott tur, med masse inntrykk og masse lått og løye:) Me fekk omvisning i nærområdet av søster mi, gjekk turer kvar morgon før me inntok ein god frokost.

Sitron tre
Me var på marked  ( sitrus markene) i nærheten av dette treet.

Her er me på ein topp og ser utover byen Guardarmar

Her står me på ein anna topp ( Castillo), og ser utover byen og kirketårnet.

Nede ved stranda, det blåste litt dei dagane me var her, så me holdt oss ved bassenget.

Var nok ikkje me så var så flinke med bøtte og spa i sanden:)

Kanskje eg skal prøve meg på noko sånn i sandkassen i barnehagen?


Ha ein fin laurdagskveld:)

tirsdag, april 03, 2012

Scrappehelg

Nest siste helg i mars var eg på scrappehelg, kjempegøy:)  Hadde jo tenkt å få ut bilde av det eg laga  tidlegare, men dagane går visst i frå meg.  Fekk vera der på fredagen og laurdagen. Søndagen tok eg jentene med meg, og var på teaterfestival. Ein eg er tante til var med i eit stykke.  Tilbake til helga, veninna mi som skulle vera med meg kunne ikkje likevel, så då blei eg heilt aleine( i lag med 46 andre), kjende mange av dei som var der, så praten den gjekk, men fekk no laga noko innimellom:)

Picnickkurv

Ein konkuranse eg var med på, me skulle laga ein Lo av ikkje levande ting.

Ikkje heilt ferdig med denne Lo` en enda


Ein opp ned spå, kjekk å ha på bordet med påskeegg  oppi.

Tagkort, enda ein konkuranse eg var med på.

Tagkortet inni

Laga og eit forslag til eit bordkort til nevøen min sin konfirmasjon, bordkortet blei godkjent. Så no skal eg lage 35 stk. Har laga 13 av dei,  legge ut bilde når eg er ferdig med alle:)

Ha ein fin kveld alle sammen

lørdag, mars 17, 2012

Gamle minner

Kom til å minnas bilda eg laga til borna mine for ein del år sidan. Og tenkte eg ville få tatt bilde av dei og få dei  på bloggen min. Visste kor løva hang, men dei to andre måtte eg leite litt etter.


Denne Bamsen var det fyrsta bilde eg laga, og som  den yngsta jenta mi fekk. Faktisk så har dette vore utstillt i eit gammalt fengsel, quiltelaget eg var medlem i , fekk ha ei utstilling der. Årstalet er eg usikker på, men sånn ca. 11 eller 12 år sidan er det nok.


Så laga eg løva , som eldste guten min fekk.


Denne katten laga eg til  jenta mi i midten.

Alle bilda er laga i teknikken "log cabin", der remsene eg sydde rundt og rundt med, kun var 2,5 cm. Mønster til desse bilda fann eg i ei quiltebok som heiter " A Child`s Garden of Quilts". 

Bilda mine er ganske lik som dei i boka, størst endringar er det nok på katten( i boka er det bilde av ein tiger), og fargar er også forandra på. Størrelsane er litt forskjellige ( ca. 1 m* 1,5m) .


Ha ein fin fredagskveld