mandag, november 05, 2012

40 år

Lenge sidan eg har blogga no, men det har sin grunn:) har hatt stor dag, og har feira den litt. Og så var eg så heldig å få iphone hos min kjære mann og barn. Den har det gått litt tid å bli kjent med. Så i det siste har det blitt lite tid til hobbyer. 


Fekk løk kake hos ein kreativ vennegjeng.
Trur dei hadde det veldig kjekkt når dei laga den.
Og iallefall når dei visste at løk er det værste eg veit.

Fekk støvlane eg hadde ønska meg:)

Denne Kari Traa ull trøya fekk eg hos to venniner m/menn, som også hadde komponert dette flotte diktet til meg:

40 år og evig ung
uten tvil nett lika fjong.
På kjøkkentet det hevar ein deig
medan ho på sykkelen tråkkar i vei.
Ja ho kan ikkje akkurat kallast treig!

Puter blir til,
flotte i moderne stil!
Før kveldsturen blir gått,
så har ho allerede strikka ein vott!

Og korta blir scrappa,
ja no vil me litt energi av deg rappa!
Me lure litt på om da e all pepsimaxen i din kropp,
so gjer at du heile tida er på topp?!

Du styrer og steller for familien din,
no i kveld må du slappa av og drikka vin!!

Fekk masse andre fine ting og pengar. Og i helga var det scrappetreff så då fekk eg kjøpt meg noko fint der. Kjem nok til å blogge i frå scrappetreffet i måro. Fekk mykje mykje inspirasjon der.

Takk til alle som var med å feira dagen min, og for alle dei flotte gavene eg  fekk:)

Klem Tove

søndag, oktober 21, 2012

Hausttur

Tok ein pause i frå strikking og då blei det ein tur på ein topp i nabobygda.

Kjempeflott utsikt i bakgrunnen her.


Jenta mi solar seg på toppen:)

For ca 20 år sidan brann det på dette fjellet her. Det stod fleire sånne krokete trær her.

Dette var ein kjempe flott tur, i eit nydeligt haustvær. Har aldri vore her før heller, så då var det ekstra kjekkt.

Tove:)

Fleire Strikka lyslykter

Har virkeleg fått strikkedilla i det siste, og i helga har eg produsert mange mange lykter. Ei veninne hadde bursdag i går og ønska seg lykter.
Ho fekk desse av meg:

Har fått mønsteret rett på desse.

Desse er strikka i sandnes mini duett. Som er ca halvt om halvt med bommul og ull(trur eg).

Denne har eg strikka til meg sjølv.
Har kjøpt orange tråd som eg har lyst å lage lykter i til meg sjølv. Det er høst i mi stove no, og då kjem nok dei til å passe fint inn. 

Men har strikka så veldigt i helga, at eg treng ein pause no. Blir så ivrig at det går  utover skuldrene og nakken min. 
Ha ein fin fin haust kveld:)

tirsdag, oktober 16, 2012

Ein Tunika til

Den Tunikaen eg laga for nokre veker sidan, blei litt  lang for jenta som hadde så lyst på den. I staden for å sy den opp, laga eg berre ein ny. Den blei ikkje heilt lik i fargane på mønsteret, men ikkje store forskjell:)



Strikka i Sandnes sisu


Ha ein fin dag
Tove:)


mandag, oktober 15, 2012

Kort koffert





Ein sånn kort koffert har eg laga tidlegare og, og no  fekk eg lyst å lage ein ny, men hadde ikkje oppskrift, og har gitt vekk den eg hadde laga. Men eg fant eg fant:)


Tove:)