søndag, oktober 21, 2012

Fleire Strikka lyslykter

Har virkeleg fått strikkedilla i det siste, og i helga har eg produsert mange mange lykter. Ei veninne hadde bursdag i går og ønska seg lykter.
Ho fekk desse av meg:

Har fått mønsteret rett på desse.

Desse er strikka i sandnes mini duett. Som er ca halvt om halvt med bommul og ull(trur eg).

Denne har eg strikka til meg sjølv.
Har kjøpt orange tråd som eg har lyst å lage lykter i til meg sjølv. Det er høst i mi stove no, og då kjem nok dei til å passe fint inn. 

Men har strikka så veldigt i helga, at eg treng ein pause no. Blir så ivrig at det går  utover skuldrene og nakken min. 
Ha ein fin fin haust kveld:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar