onsdag, september 11, 2013

Sjølvlysande lue

Eg har ein  tendens til å kjøpe garn i dei fleste butikker eg er i( viss dei har garnutsalg då). Var berre innom daglegvare butikken på vei til hytta, ja då kom eg ut med 10 nøster av denne tråden:

Sandnes garn Neon
100% akryl

Syns det var mykje stiligt i heftet. 

Ei hua blei no til, halsen får eg strikka ein gong eg har tid. Kanskje eg skal bruka hua når eg går kveldsturen min, enten kjem bilane til å sjå meg veldig godt og  kjøra godt utom, ellers kjem dei til å kjøre meg ned i rein forskrekkelse:) ho lyse godt opp kan du sei.

Ha ein fin onsdag:)
Klem Tove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar