lørdag, januar 19, 2013

Genser m/rundstrikk og Monsterbukse

Ja då var Januar i full gong, har visst ikkje vore så aktiv på bloggen i det siste. Men strikkepinnane blir godt varme for tida, har masse masse tråd, og utruleg mykje gøy eg har lyst å lage. Skulle hatt fri ein ekstra dag å berre gjort hobby ting:) 

Har strikka eit sett  i str. ca 2 år. Hadde ein plan om kven som skulle få dette, men så har eg oppdaga noko anna kjekkt eg vil laga.



Genseren er strikka i Sisu ( 80% ull og 20% nylon), oppskrifta funnen
i Sandnes Garn blad ( Smart til barn) 0908 barn. Så genseren skulle egentlig vore strikka 
i smart.


Monsterbuksa fann eg ikkje i hefte, men hadde med noko av mønsteret,
nederst på beina, sånn at det passa til genseren.:)



Då håper eg alle får ei fin helg:) 

Eg skal inn til hytta å stå på skeiser. 
Kanskje neste innlegg blir i om knall og fall på isen:)

klem Tove



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar