lørdag, juni 29, 2013

Marius genser

Har strikka ein Marius genser til min sønn. Strikka den i Rubin ( kjøpt på Sparkjøp). Genseren fall i smak, og har vore i bruk  et par veke. 


Strikka str. M i frå mønsteret i Mariusboka, og pinne nr. 3,5.

Holder på med Marius genser til meg sjølv no. Etterpå må eg nok begynne på ein til den eldste jenta mi.

Då vil eg ynskje alle ein strålande dag.

Klem Tove

mandag, juni 10, 2013

Lageret mitt

Her har eg samla alle tinga eg har lagd, som ikkje er gitt bort og seld. Ein liten haug blei det visst:)





kanskje eg skal melde meg på ei julemesse i Des.
Me får sjå:)

Då vil eg ynskja alle ein strålande kveld:)

Klem Tove


lørdag, juni 01, 2013

oslo anorakk nr. 3

Den goa niesa mi fyllte 1 år på søndag, og eg strikka denne genseren til ho. 


Genseren er strikka i Drops You( 50% Alpaca og 50% wool) pinne nr 5 (armer 4,5).

Eg kjem nok til å strikke noko anna til ho og, har kjøpt  tråd og mønster, men er ikkje begynnt enda. 

Ha ein fin fin dag alle sammen.

Klem Tove

mandag, mai 27, 2013

oslo anorakk nr. 2

Fekk bestilling på oslo anorakk til gut i 7-8 år, og her er resultatet:

Strikka i Drops you( 50%Alpaca og 50% wool).
Pinne nr 5. ( armer pinne 4,5).
P.S har fått knappane på rett side denne gang:)

Då vil eg ynskje alle ein fin kveld

Klem Tove

lørdag, mai 11, 2013

oslo anorakken

Høyrde mykje snakk om oslo anorakken, og fekk forklaring på korleis den såg ut. Då måtte eg  jo prøve å strikke ein.


Str: 3/4 år

Eg fekk knappane på feil side, og gjorde ein feil heilt nede på genseren. Gidda ikkje ta opp, har berre fiksa det litt. Har kjøpt inn tråd til to gensrer til, og er allerede godt i gang med den eine.  

Genseren er strikka i Drops You( 50% alpaca og 50% wool) pinne nr 4,5  sidan det var det eg hadde( etter oppskrifta p 5).