No er det jammen meg lenge sidan eg har oppdatert bloggen min. Har ikkje prioritert det rett og slett, men no skal eg prøve å få lagt inn alt eg har laga i det siste:) Laga denne telys boka i september ein gang, rett etter scrappehelga.
Veninna mi hadde bursdag i november og fekk denne.
Så vart me beden i ein 50 års dag. Laga denne albumen og hadde bilde inni den, frå ein tur me var på i lag med jubilanten. Strikka også ei Tova vin veske( har aldri laga det før) , i flotte haustfargar. Men klarde å gi den i gave til 50 åringen, før eg fekk knipse bilde av den.
Ei veninne av meg feira 40 års dagen sin no i oktober, og eg laga ein utbretts album til ho. Mannen min meinte eg burde hatt oppskrift på korleis ein opner korta, boksane og albumer eg lagar.:)
Inni albumen limte eg inn mange bilder frå ulike klubbturer.:)
Har laga ei sånn bukse tidlegare, og fekk bestilling på ei til i same størrelse. Str.2 år.
Men strikka litt for langt på foten, då gidda eg ikkje ta opp. Sidan eg hadde meir tråd, strikka eg like godt ei til. Denne buksa er nok i str: ca.3- 3,5 år.
STR: ca 2år
Begge buksene er strikka i Silja(80%ull og 20% nylon), og garnet er kjøpt på Spar Kjøp.