torsdag, oktober 17, 2013

Scrappetreffet i September


Var med på ein konkuranse, der me skulle laga eit kort/boks i gult. 

Boksen var eg ikkje ferdig med. Begge korta var med i konkuranse.
 Klarde å bruke "litt" penger på treffet, her er litt av det eg snopa med meg.
 
 Blei inspirert av mange kjekke damer, her har eg laga meg  kort/prosjekt mal.

Fekk laga denne posen på eit make and take kurs, som me var heldige å få vera med på.
 
Laga også to kort, som blei gitt vekk same helga, og som ikkje eg fekk tatt bilde av.
Og ein Lo fekk eg laga, til jenta mi sin konfirmasjons album.  
 
Då vil eg ynskja alle ein flott haustdag:)
 
Klem Tove   
 

tirsdag, oktober 01, 2013

Enda ein marius m/rundstrikk

Genseren til midterste jenta mi er endelig ferdig. Ho blei storfornøydd med den. Har strikka mange no, så trur det blir ei stund til eg strikker marius genser igjen . 

 Genseren er strikka i Silja ( 80% ull og 20% nylon) kjøpt på Spar- Kjøp.

Klem Tove

onsdag, september 18, 2013

Kort i Vintage stil.

Ei eg kjenner venter baby ein av dei nærmaste dagane. Då må me jo ha eit kort klart:) Ho skal få ein gut, men eg var så godt i gang, og då laga eg eit jentekort og.






Laga ikkje desse korta på scrappehelga, har ikkje tatt bilde av det eg laga der. Men det kjem nok.

Ha ein fin fin dag:)

Klem Tove

fredag, september 13, 2013

Pynta tofeefe eske og eit kort


Er visst inne i ein Vintage periode:)


I dag skal eg på scrappehelg, og det har eg gleda meg veldig til. Kanskje eg får laga fleire kort i helga, skulle kanskje begynnt på album til Jenta mi som skal konfirmerast i mai og. Får sjå kva eg blir inspirert til.

Ha ei strålande helg alle sammen:)
Klem Tove

torsdag, september 12, 2013

Ingenting skal vera uscrappa...

Bestillte meg ein settekasse og eit skjønt lite skap i Panduro hobby.





Etter inspirasjon i frå hovedkatalogen deiras, pynta eg dei med papir, bånd, blomar o.s.v

Dette heng på veggen på "hobbyrommet " i stova.



Skulle ha dette skapet på "hobbyrommet" også, men passa ikkje heilt inn. Fekk seg ein plass på kjøkkenet mitt, veit ikkje heilt kva eg skal ha i det, men syns det vart kosligt på veggen:)

Ha ein strålande dag:)

Klem Tove