lørdag, april 28, 2012

Spania tur

Eg var heldig og blei invitert på tur til Spania, av ei søster som har leilighet der. Det blei ein skikkeleg søstertur, mine to andre søstre blei også med. Brødrene våre fekk ikkje vera med denne gangen. Me hadde ein flott tur, med masse inntrykk og masse lått og løye:) Me fekk omvisning i nærområdet av søster mi, gjekk turer kvar morgon før me inntok ein god frokost.

Sitron tre
Me var på marked  ( sitrus markene) i nærheten av dette treet.

Her er me på ein topp og ser utover byen Guardarmar

Her står me på ein anna topp ( Castillo), og ser utover byen og kirketårnet.

Nede ved stranda, det blåste litt dei dagane me var her, så me holdt oss ved bassenget.

Var nok ikkje me så var så flinke med bøtte og spa i sanden:)

Kanskje eg skal prøve meg på noko sånn i sandkassen i barnehagen?


Ha ein fin laurdagskveld:)

tirsdag, april 03, 2012

Scrappehelg

Nest siste helg i mars var eg på scrappehelg, kjempegøy:)  Hadde jo tenkt å få ut bilde av det eg laga  tidlegare, men dagane går visst i frå meg.  Fekk vera der på fredagen og laurdagen. Søndagen tok eg jentene med meg, og var på teaterfestival. Ein eg er tante til var med i eit stykke.  Tilbake til helga, veninna mi som skulle vera med meg kunne ikkje likevel, så då blei eg heilt aleine( i lag med 46 andre), kjende mange av dei som var der, så praten den gjekk, men fekk no laga noko innimellom:)

Picnickkurv

Ein konkuranse eg var med på, me skulle laga ein Lo av ikkje levande ting.

Ikkje heilt ferdig med denne Lo` en enda


Ein opp ned spå, kjekk å ha på bordet med påskeegg  oppi.

Tagkort, enda ein konkuranse eg var med på.

Tagkortet inni

Laga og eit forslag til eit bordkort til nevøen min sin konfirmasjon, bordkortet blei godkjent. Så no skal eg lage 35 stk. Har laga 13 av dei,  legge ut bilde når eg er ferdig med alle:)

Ha ein fin kveld alle sammen

lørdag, mars 17, 2012

Gamle minner

Kom til å minnas bilda eg laga til borna mine for ein del år sidan. Og tenkte eg ville få tatt bilde av dei og få dei  på bloggen min. Visste kor løva hang, men dei to andre måtte eg leite litt etter.


Denne Bamsen var det fyrsta bilde eg laga, og som  den yngsta jenta mi fekk. Faktisk så har dette vore utstillt i eit gammalt fengsel, quiltelaget eg var medlem i , fekk ha ei utstilling der. Årstalet er eg usikker på, men sånn ca. 11 eller 12 år sidan er det nok.


Så laga eg løva , som eldste guten min fekk.


Denne katten laga eg til  jenta mi i midten.

Alle bilda er laga i teknikken "log cabin", der remsene eg sydde rundt og rundt med, kun var 2,5 cm. Mønster til desse bilda fann eg i ei quiltebok som heiter " A Child`s Garden of Quilts". 

Bilda mine er ganske lik som dei i boka, størst endringar er det nok på katten( i boka er det bilde av ein tiger), og fargar er også forandra på. Størrelsane er litt forskjellige ( ca. 1 m* 1,5m) .


Ha ein fin fredagskveld


lørdag, mars 10, 2012

Pute, pute og atter pute.....

Har vore lite blogging i det siste, men har vore travelt. Me holde på pusse opp vaskerommet, så har vore med å hjelpt litt til der. Men i dag har eg fått laga tre puter.





laga denne puta forrige laurdag

No har eg ikkje meir lim til å lage fleire motiv med.  

Men tenkte å begynne på eit sengeteppe til hytta, planen var å lage eit til kvart soverom , trur neppe det blir. Men kan no begynne med eit og sjå da litt an, så ein i bygda ofte seier:)

lørdag, mars 03, 2012

Helg

Endeleg helg:) Har alltid masse energi på fredagen, kunne jo vore fordelt utover heila veka, men sånn er nå engang livet. . Desse vottane var ferdige i dag. Skulle berre strikka et par i desse fargane, men så hadde eg strikka to venstre votter. Då var det berre til å handle inn litt meir tråd og strikka to til.

Desse er strikket i  østlandsgarn kjøpt på nille
(billeg og god tråd) 100% ull.

Fekk gjort alder så lite husarbeid, baka 40 skinkehorn og tre brød.


Har tre ulike brøformer, derfor ulik størrelse selvfølgelig:)



Ha ein fin fredagskveld