tirsdag, oktober 16, 2012

Ein Tunika til

Den Tunikaen eg laga for nokre veker sidan, blei litt  lang for jenta som hadde så lyst på den. I staden for å sy den opp, laga eg berre ein ny. Den blei ikkje heilt lik i fargane på mønsteret, men ikkje store forskjell:)



Strikka i Sandnes sisu


Ha ein fin dag
Tove:)


mandag, oktober 15, 2012

Kort koffert





Ein sånn kort koffert har eg laga tidlegare og, og no  fekk eg lyst å lage ein ny, men hadde ikkje oppskrift, og har gitt vekk den eg hadde laga. Men eg fant eg fant:)


Tove:)

onsdag, oktober 10, 2012

Skappel genser/ pelsdott

Fekk ein del tråd av min svigerinne for nokre år tilbake. Ho var begynnt på ein genser til og med. Lurte lenge på kva eg skulle bruke denne tråden til..


Vienna 78% mohair, 13%ull, 9%nylon

Denne tråden er ein god del tjukkere enn den skappel genseren skal strikkes med (etter oppskrifta). Kjøpte mørk lilla Drops Alpaca og blanda.

Då fekk eg ein tjukk pelsdott:)


Eller rett og slett ein kjempetjukk genser:)

Jenta mi ville ha den andre pelsdotten i huset med på bildet:)

Tviler på at genseren blir brukt, fekk nesten heteslag når eg prøvde den. Men no har eg iallefall brukt opp garnet. 

tirsdag, oktober 02, 2012

Strikka lykter

Har sett at mange hekler lyslykter, og dei  er så utrolig fine.  Har hatt lyst å lage ei  sånn lykt, men kan ikkje hekle. Heldigvis kom eg over oppskrift på ei strikka lykt hos denne flinke dama Her.


Blei litt rot med mønsteret på mine lykter, var visst ei lykkja og to som forsvant litt for meg. 


Kjem nok til å lage fleire sånne og då skal eg prøve å få mønsteret rett.

Ha ein fin dag:)

mandag, oktober 01, 2012

Forkler

Bakte i barnehagen på fred. Og då blei eg inspirert til å bake litt heime og.


Dette hadde eg på meg når eg baka:



Laga ein del sånne sommerfugler for ei stund tilbake, planen var vel å lage eit sengeteppe. 
Men dei passa på eit forkle og:)
Har sydd rundt sommerfuglen med maskin.


Ha ein fin kveld vidare:)