onsdag, august 15, 2012

Monsterbukser

Sidan eg hadde innlegg om monsterbukse i går, ville eg legge inn dei andre monsterbuksene eg har laga. Har ikkje bilde av alle ser eg, trur eg har laga 3 til.  Desse har eg gitt i sengemat, bursdagsgave, takkegave og nokre er seld.


strikka i Sisu

Strikka i Smart

Strikka i Smart, rester etter ein bestilling på genser og bukse.

Dette var den første buksa eg strikka. Trur ho er strikka i Smart.

Oppskrift til buksene fant eg på nettet.( Googlet monsterbukse )

Klem Tove

tirsdag, august 14, 2012

Sengemat

Som nevnt tidlegare så har eg fått meg ei herlige niesa. Ho er blitt 2,5 mnd. Søndag var eg med pakke til dei. 


Her er ho nyfødd. Bilde på puta blei like klart som på dataen. 

Og dei fekk denna Monsterbuksa. 


str. på denne buksa er 1,5 - 2 år. 

Ha ein fin kveld:)

mandag, august 13, 2012

Feriens kreativitet

Kan ikkje skryte på meg at eg har vore så veldig kreativ i sommar. Men etter å ha pressa alle scrappetinga inni bilen, så var eg nøydd til å lage bitte litt i dei 4 vekene eg var på hytta.


Bokmerke

Yngste jenta mi hadde laga eit sånn på skulen, så eg demonterte det, og laga desse. 

Kjekke små gaver.

Og det var faktisk alt eg laga i ferien. 

torsdag, august 09, 2012

Bryllupskort

Fekk bestilling på eit bryllupskort, men slapp å lage nye. Hadde nokre liggande etter tidlegare bestillinger. Lager alltid fleire når ein er i gang.

Ideen til dette fekk eg Her
Dette kortet blei valgt denne gangen.





Alle tre eskene kan opnes, og ha ein liten ting/ dikt/ sang o.l oppi. 

Dette kan også brukes til dåpskort, viss ein f.eks har ein liten papirsko på toppen.







onsdag, august 08, 2012

Kai prosjekt ferdig:)

Då var ferien over for denne gang, 4 veker gjekk utruleg snart. Gjekk så snart at eg fekk ikkje tid å verta brun eller var det været så svikta? 

Me begynnte feriedagen med støyping, av siste del av kaien på hytta. Eg var med å køyrde trillebor med sement, kan tru musklane verkte resten av veka.

Støyping pågår



          

Ferdig resultat

I midten der det ikkje er betong, skal det ein gong bli grønt.
Bordet og benken fekk nytt liv i sommar. Mannen min skrudde nye bord på og eg olja det. Skal også smøre inn smijernet med emalje lakk.

Og litt knipsing av resten av kaien