onsdag, september 18, 2013

Kort i Vintage stil.

Ei eg kjenner venter baby ein av dei nærmaste dagane. Då må me jo ha eit kort klart:) Ho skal få ein gut, men eg var så godt i gang, og då laga eg eit jentekort og.






Laga ikkje desse korta på scrappehelga, har ikkje tatt bilde av det eg laga der. Men det kjem nok.

Ha ein fin fin dag:)

Klem Tove

fredag, september 13, 2013

Pynta tofeefe eske og eit kort


Er visst inne i ein Vintage periode:)


I dag skal eg på scrappehelg, og det har eg gleda meg veldig til. Kanskje eg får laga fleire kort i helga, skulle kanskje begynnt på album til Jenta mi som skal konfirmerast i mai og. Får sjå kva eg blir inspirert til.

Ha ei strålande helg alle sammen:)
Klem Tove

torsdag, september 12, 2013

Ingenting skal vera uscrappa...

Bestillte meg ein settekasse og eit skjønt lite skap i Panduro hobby.





Etter inspirasjon i frå hovedkatalogen deiras, pynta eg dei med papir, bånd, blomar o.s.v

Dette heng på veggen på "hobbyrommet " i stova.



Skulle ha dette skapet på "hobbyrommet" også, men passa ikkje heilt inn. Fekk seg ein plass på kjøkkenet mitt, veit ikkje heilt kva eg skal ha i det, men syns det vart kosligt på veggen:)

Ha ein strålande dag:)

Klem Tove

onsdag, september 11, 2013

Sjølvlysande lue

Eg har ein  tendens til å kjøpe garn i dei fleste butikker eg er i( viss dei har garnutsalg då). Var berre innom daglegvare butikken på vei til hytta, ja då kom eg ut med 10 nøster av denne tråden:

Sandnes garn Neon
100% akryl

Syns det var mykje stiligt i heftet. 

Ei hua blei no til, halsen får eg strikka ein gong eg har tid. Kanskje eg skal bruka hua når eg går kveldsturen min, enten kjem bilane til å sjå meg veldig godt og  kjøra godt utom, ellers kjem dei til å kjøre meg ned i rein forskrekkelse:) ho lyse godt opp kan du sei.

Ha ein fin onsdag:)
Klem Tove