tirsdag, august 27, 2013

Sommaren 2013 del 2

Her kjem litt fleire bilde i frå sommaren min.


Heile fam. fekk vera vakt på sykkelrittet Utne-Kinsarvik,
Var ikkje så veldig mykje eg bidro med. Men kjekkt  å ha ein vakt- vest på seg, då ser ein viktig ut og folk høyre på deg. :)

Enda ein fremdeles 40 års fest:)
( feirt dagen 4 gonger no, og det får halde)


Fisking i fjorden
Får ein fisk må ein og sløya.

Fisking i flott solnedgang:)

Uti fjorden og tok i mot nrk sommerbåten:)

Reiste heim og henta denne fine pusekatten:)

Me hadde ein flott sommar med mykje fint vær og besøk av mange kjekke folk:)

Klem Tove




søndag, august 25, 2013

Sommaren 2013

Ferien vår i år har me tilbrakt på hytta, og i år har me faktisk hatt fint vær. Då er det supert å være på kaien å slappe av.


Fått oss enda ein solplass

Jentene mine fekk prøve ein kajakk

Feiring av min fremdeles 40 års dag. Her ønske me båtfolket velkommen :)
 Fann meg ei fine fjøl i fjæra.

Her står to på vannski etter ein båt og mannen min er
 ein av galningane.:)  
Litt pynting på kaien må til.
Ny lykt

Her er me i Kinsarvik, der har dei laga ein ny bade-lagune.

Dette er litt av min sommar, får vise litt fleire bilder ein anna dag:) 

Ha ein strålande søndag:)

onsdag, august 21, 2013

Setesdalkjole

Begynnte på denne kjolen i ferien, fekk den ferdig på laurdag og leverte den på søndag. Dette var resten av 1 års presangen til mi litla nydeliga niesa.


Har hekla rundt alle kanter på kjolen, og er veldig stolt øve meg sjølv som klarde det. Har aldri hekla før, så dette er stooort . Men fekk gode råd og hjelp frå ei syster og ei anna kjekke dama:) 
Fine stjerne knapper i ryggen, som eg fekk av ein kjempekjekk kolega:)


Nærbilde av heklekanten( må jo skryta litt).

Kjolen er strikka i Baby ull ( Sparkjøp) 100% merinoull. Oppskrifta funnen i Dalegarn Baby Klassisk nr. 208 størrelse 2 år pinne nr:3.

Klem Tove

fredag, august 16, 2013

Lilla Marius m/rundstrikk

Ja då hadde eg hatt meg ein lang bloggefri ferie. Prøvde å blogge på iphonen min i ferien, da gjekk ikkje.
 Sjølv om eg hadde ferie frå bloggen, så har eg ikkje hatt ferie frå strikkepinnane. Strikka denne genseren til meg sjølv og blei utruleg fornøydd med fargane . Garnet er utruleg mjukt, kan anbefales:)

Strikka i drops Alpaca mix
100% alpaca

Ha ein fin august kveld vidare:)