mandag, mai 27, 2013

oslo anorakk nr. 2

Fekk bestilling på oslo anorakk til gut i 7-8 år, og her er resultatet:

Strikka i Drops you( 50%Alpaca og 50% wool).
Pinne nr 5. ( armer pinne 4,5).
P.S har fått knappane på rett side denne gang:)

Då vil eg ynskje alle ein fin kveld

Klem Tove

lørdag, mai 11, 2013

oslo anorakken

Høyrde mykje snakk om oslo anorakken, og fekk forklaring på korleis den såg ut. Då måtte eg  jo prøve å strikke ein.


Str: 3/4 år

Eg fekk knappane på feil side, og gjorde ein feil heilt nede på genseren. Gidda ikkje ta opp, har berre fiksa det litt. Har kjøpt inn tråd til to gensrer til, og er allerede godt i gang med den eine.  

Genseren er strikka i Drops You( 50% alpaca og 50% wool) pinne nr 4,5  sidan det var det eg hadde( etter oppskrifta p 5). 

onsdag, mai 08, 2013

Konfirmasjonskort

 konvoluttkort, bunadskort og eit heilt enkelt kort.


Utruleg kjekkt å lage bunadskortet, sjølv om det er mykje dippedutter som skal på plass.


Innsida m/plass til pengegave bakom ordtaket( Grip sjansen....)

Enda eit bunadskort, til belte fann eg eit gammalt perla armband ei av jentene har hatt:)

Eit konvolutt kort
Baksida

innsida


Enda eit konvolutt kort

Baksida

Då vil eg ynskje alle som har konfirmanter til lykke med den store dagen. Eg skal i konfirmasjon til nevøen min i måro og glede meg til det. 

Ha ein fin kveld
Klem Tove

fredag, mai 03, 2013

Cupcakekjole nr. 2

Fekk bestilling på denne kjolen i 4 år. Dei som bestillte ville ha den i same farger som den eg har strikka tidlegare. Hadde mykje av hovedfargen igjen, men den perlestrikka kanten er ein litt anna farge.




Kjolen er strikka i Silja( 80%ull og 20% nylon)


Det blei kjolen eg strikka tidlegare som passa, så no er det denne eg får lagra:) 

Ha ein fin dag alle sammen:)

Klem Tove

onsdag, mai 01, 2013

Tova Vinhøna

Høna var med oss på Påskeferien i år, sjølv om ho ikkje var heilt klar. No er ho blitt tova enda ein gong(ho var litt for stor i Påsken), har fått nye knapper i ryggen( kjøpt i Panduro Hobby), og har fått eit nytt nebb. 





Dei kule knappane i ryggen:)

Då vil eg ynskje alle ein flott 1.Mai

Klem Tove