mandag, februar 25, 2013

cupcakekjole

Har strikka ein cupcake kjole i str. 2 år. Oppskrifta er funnen i Bladet SandnesGarn mix barn nr.1109.


Eg har ikkje strikka den kanten som skulle være der etter oppskrifta, eg strikka heller  3 cm pærlestrikk og ein omgang  hullrad. ( prøvde å strikke den orginale blondekanten, men  fekk det ikkje til, men når eg hadde lagt det vekk eit døger knekka eg koden. Men då var eg allerede begynnt på perlestrikk, så kanskje eg får strikke blondekanten på neste kjole.)


Kjolen er strikka i Silja(80%ull og 20%nylon) og på pinne nr.3

Ha ein fin dag alle sammen:)
Klem Tove

fredag, februar 22, 2013

scrappehelg

I helga som var laga Stordascrappen til scrappehelg igjen, og den var eg på. Dette fekk eg laga:


Ein kjekk kortboks


Butikken kreativ Scrapping hadde utfordring til 
oss. Dette kortet var mitt bidrag.

Kortet inni

Pynta stor fyrstikkeske

Ett kort til

Kortet inni

Kaffi/te kort 



Lomme bakpå kortet som ein kan
ha kaffi/te  oppi, og vips så har eg ein liten 
oppmerksomhet.

Laga også 3 LO`er. Skal lage eit album til nokon i familien, ein liten hemlighet så bilder av Lo`er får eg komme med når gave er gitt.

Tiarashobbyblogg har ein kjekk Give away som er verdt å bli med på.

Då må De alle ha ei strålande helg.
Klem Tove

mandag, februar 18, 2013

På lappetur i "hytta"

Er veldig greitt å ha ett ekstra hus å pynte med ting du bytter ut her heime.

"Solsikke"

Dette laga eg i 1999, det er ei dame frå bygda her som er designeren:)

Duk i "log cabin"

På kjøkkenet heng dette bildet av ein hane, laga i 
mange rester.

Desse gardinene har eg ikkje hatt heime, dei er laga til
"hytta" Oppskrift funnen i ei bok, husker ikkje navnet på
boka, har ho men ho ligg på bunnen av eit skap og venter på at 
eg skal male ei bokhylle så ho kan få ein fin plass der:)



Posepose (har laga mange mange).

Hadde rester etter kjøkken gardiner, så då laga eg
gardiner til badet. Har tegna og "designa" sjølv ( som de kanskje ser)hehe.


To av dei minste fiskane har visst mista auga sitt. 

Har nok fleire " lapper" i skuffer og skap, men tenkjer det er nok for denne gang.:)

Ha ein fin kveld vidare
Klem Tove:)

onsdag, februar 13, 2013

I slalombakken

I helga som var reiste eg, mannen min og jentene våre opp til Kvamskogen og sto på slalom. Er sikkert ti år sidan eg sto på slalom . Me tok stolheisen opp til toppen og såg ned, då var eg ikkje mykje høg i hatten. Men ned første bratte bakken gjekk det bedre:) Me hadde mykje lått og løye den dagen:)







Så gjekk turen inn på hytta vår, der fiska mannen min på isen. Isen var ca 30 cm tjukk.







Isflaka har lagt seg oppå kaien

Dette er sjø, så isen ligger å beveger seg heile tida.
utruleg stilig.




Eg var rundt i "hytta" og knipsa litt av ting og tang eg har sydd, det får eg vise i neste innlegg.

Ha ein fin kveld 

Klem Tove

onsdag, februar 06, 2013

Trøye m/ rundstrikk

Begynnte på denne trøya i sept. 2012, men lagde ho ikkje ferdig fordi andre ting blei prioritert. Etter mykje styr og irritasjon,( trur eg aldri skal strikka trøye fleire gonger) strikka eg ho ferdig i helga. I dag på fridagen min, fekk eg festa tråder og sydd i knapper. 

 Mønstert til trøya er funnen i Drops design nr. 142

 Trøya er strikka med Drops Alpaca frå Garnstudio
Endelig ferdig og fornøydd med resultatet, og så er ho forliten til meg. Kjedelig:(
Trur eg får strikka meg ein genser i dei same fargane:) 

Klem Tove





fredag, februar 01, 2013

Marius genser m/rundstrikk

Har strikka ein Marius genser i 10 år. Etter oppskrifta skulle den strikkast i smart, eg strikka den i Silja som er ein litt tynnare tråd. 

Har ei niese som er 9,5 år, og den passa perfekt til ho. 



Silja er mykje liknande tråd som Sisu, kjøpt på Sparkjøp . Silja består av 80% ull og 20% nylon, i likhet med Sisu. Veldig god å strikke med:) 

Då vil eg ynskja alle ei goe helg.

Klem Tove