søndag, november 25, 2012

Juleputer

I helga har eg sydd desse to juleputene. Ei på bestilling, så får sjå om ei av dei fell i smak. 


str: 40*40 cm

Str: 50*50cm

Får snart begynne på julegaver, blir nok ein del heimelaga i frå meg i år og.

Har også to monsterbukser på bestilling før jul, og i helga begynnte eg på den eina. Er kommen godt i gang, og godt er det, er jo berre ein mnd til Jul.

Ha ein fin Søndagskveld

Klem Tove:)

onsdag, november 21, 2012

Marius genser

Ja no har eg fått Marius genseren ferdig:) Håpe den passer til kollegaen min no då, ellers får eg strikke ein ny og så får jento mi få denne:)


Genseren er strikka i Sandnes Sisu
(80%ull og 20 nylon)


Me har fått Spar kjøp på øya vår, og der har dei rimeleg tråd, så eg handla masse masse tråd. 

No er det berre til å begynne på neste prosjekt:)

Ha ein fin kveld vidare:)
Klem Tove

søndag, november 18, 2012

Adventspute

Mariusgenseren eg strikker til ein kollega, er eg godt i gang med. Når eg ser på tv, klarer eg ikkje å la være å strikke, så i går kveld tok eg meg ein pause frå tv og strikket og sydde denne puta her:)




Dei to siste vekene har eg laga fem puter på bestilling.  Hadde vore kjekkt å lagt dei ut her, men dette var julegaver. Kanskje eg får lov å legge dei ut her etter jul. Må iallefall sei at eg blei utruleg fornøydde med alle putene, og det trur eg dei som bestillte  blei også.


Ha ein fin Søndagskveld

Tove:)

onsdag, november 14, 2012

Adventskalender

No er det vel på tide å ta fram alle adventskalenderene som er i huset, dei skal jo fylles opp. Desse eg har bilde av her, laga eg for fleire år sidan:)


Fyrstikkeske kalender



kalenderen er velbrukt, 8 talet mangler




Dette er min kalender:)  Eg får enten ungene eller ei veninne til å fylle den med scrappeting:)


Dette er yngsta jenta mi sitt teppe, det er dette som blir hengt opp i stova, med gaver til alle mine barn.
Oppskrifta til dette teppet er funnen i  Familien  Nr:24/96

Dette er jenta mi i midten sitt teppe:) dette har eg lånt vekk til barnehagen nokre år. Oppskrifta til dette teppet, fann eg i Kristin Pollen si bok (Fargerike lapper). Vinterteppe( eg laga ein litt anna vri med motiva).



Ha ein fin kveld:)
Tove


tirsdag, november 06, 2012

Scrappetreff

På Fred. etter jobb pakka eg alle scrappetinga og for på stordascrappen. Hadde ei inspirerande og kjekk helg:) Dei tre damene som arragerte treffet gjorde ein glimrande jobb, har vore med å arrangert treff sjølv, så veit kva arbeid som ligg bak desse arrangemanga. 

Dette fekk eg laga på treffet:

Pynta toffifee eske.

Hjertekort 

Kortet inni

Eit julekort
Denne boksen er ikkje ferdig pynta

Boksen inni med ei pynta fyrstikk eske, ikkje heilt ferdig pynta inni heller.

Gaveposer med pynta fyrstikkesker

Med denne Lo`en var eg med i ein konkurranse


Fekk låne stempler hos mange kjekke damer

Og då er det berre til å stemple i vei

Eg fekk ein del penger til bursdagen min, og trong ny scrappekoffert

Var den ikkje fin?

Blei skikkeleg inspirert på scrappetreffet, så no er eg gira på å lage både det eine og det andre.
I dag fekk eg bestilling på ein marius genser av ein kollega, så kjenner eg har lyst å begynne på den også. Det skulle vore fleire timar i døgnet:)
Klem Tove

mandag, november 05, 2012

40 år

Lenge sidan eg har blogga no, men det har sin grunn:) har hatt stor dag, og har feira den litt. Og så var eg så heldig å få iphone hos min kjære mann og barn. Den har det gått litt tid å bli kjent med. Så i det siste har det blitt lite tid til hobbyer. 


Fekk løk kake hos ein kreativ vennegjeng.
Trur dei hadde det veldig kjekkt når dei laga den.
Og iallefall når dei visste at løk er det værste eg veit.

Fekk støvlane eg hadde ønska meg:)

Denne Kari Traa ull trøya fekk eg hos to venniner m/menn, som også hadde komponert dette flotte diktet til meg:

40 år og evig ung
uten tvil nett lika fjong.
På kjøkkentet det hevar ein deig
medan ho på sykkelen tråkkar i vei.
Ja ho kan ikkje akkurat kallast treig!

Puter blir til,
flotte i moderne stil!
Før kveldsturen blir gått,
så har ho allerede strikka ein vott!

Og korta blir scrappa,
ja no vil me litt energi av deg rappa!
Me lure litt på om da e all pepsimaxen i din kropp,
so gjer at du heile tida er på topp?!

Du styrer og steller for familien din,
no i kveld må du slappa av og drikka vin!!

Fekk masse andre fine ting og pengar. Og i helga var det scrappetreff så då fekk eg kjøpt meg noko fint der. Kjem nok til å blogge i frå scrappetreffet i måro. Fekk mykje mykje inspirasjon der.

Takk til alle som var med å feira dagen min, og for alle dei flotte gavene eg  fekk:)

Klem Tove