torsdag, september 27, 2012

Monsterbukse

Har laga ei monsterbukse i berre reste tråd. Har ei veninne som ikkje bruker restene sine, og heldige meg fekk dei. Kjempespennande å bruke rester, veit aldri om ein har nok tråd. Derfor blei det ein del striper på denne buksa:)



Strikka i Sandnes mini Alpakka

Hadde ikkje eit heilt nøsta når eg begynnte på buksa, og dette er det eg har igjen.
Kanskje nok til eit par sokker? 

Ha ein fin kveld vidare:)

tirsdag, september 25, 2012

Oppvaskkluter

Har strikka fleire oppvaskluter, kjøpte tråd på Søstrene Grenes butikk i Stavanger.

(Anna og claras Bomuldsgarn) 100%bomull
Har lagt opp 50 m  eller 60m, og strikka 5 r og 5 vr, 5 omg. så rett over vr. til eg fekk ein kvadrat. Ser at legg eg opp 50m, rekk nøsta akkurat til to kluter.

Kjempegreitt å strikka når ein ser på fjernsyn.


 Kjøpte også denne tre kosten. Fekk eit tips, at ein kunne male kosten i same fargen som oppvaskluten, og får ein kjekk liten presang. 

onsdag, september 19, 2012

Dåpskort

Fekk bestilling på eit dåpskort og hadde ikkje så god tid på meg til å lage det, så laga ett blått, likt ett eg nett har laga i rosa.






Ha ein fin kveld

mandag, september 17, 2012

Små gaveposer

Har laga nokon små gaveposer, med pynta fyrstikkeske og to telys oppi. Ser for meg å lage fleire sånne og kanskje med sjokolade i nokre. Ideen til desse har eg funne hos Mona. Ho er utruleg flink og til stor inspirasjon.

Syntes motivet på denne var så stilig, og den passa så godt å gi som ein liten bursdagshilsen, til ein kollega som venter barn.

Og to med vintage motiv:)

Ha ein fin kveld

torsdag, september 13, 2012

Tunika

Ja då var eg ferdig med ein tunika. Har strikka den i Sandnes garn sisu, og har fått brukt opp masse rester. 


Strikka den i str. 6 år, men etter mønsteret skal den strikkes i smart (eller den tjukna på tråden).




Kanskje eg kan ta den med i bhg, og finne ut rett str. 

Ha ein flott kveld vidare:)

søndag, september 09, 2012

Serviett/ te holder

Sat å surfa på nettet og fann mal på denne serviett/te holderen. Var kjempekjekkt å lage den, skal nok lage fleire. 


 Fann mal Her

tirsdag, september 04, 2012

Boks m/ skuffe

Var kjekkt å sitte å scrappe etter gammalt. Laga berre denne boksen. Må ha tid til å prata og :)






I helga var eg til Stavanger, var innom på butikken Søstrene Grenes. Og der snopa eg mykje gøy, så i går sette eg meg ned full av inspirasjon, men så viste det seg at eg hadde gløymt skjeraren hos veninna mi. Har fått henta den, så no er eg klar igjen. 


Me var også her:florogfjare.no

Hadde været vore bedre, måtte eg nok prioritert hagen.  Utruleg flott der ute på den øya.


Ønske alle ein flott kveld